Språktenester

Korrekturkuʁɛkˈtʉːr

substantiv hankjønn (m1)

Ei korrekturlesing fjernar formelle feil i ein tekst. Det inneber å rette teiknsetjing, staving, bøying og kontrollere konsekvent bruk av valfrie ord- og bøyingsformer.

Språkvaskˈsprɔːkˌvɑsk

substantiv hankjønn (m1)

Ein språkvask er ein gjennomgang av ein tekst for å forbetre flyt, setningsstruktur og logisk samanheng mellom setningar. Det kan til dømes vere å endre, flytte, leggje til eller fjerne setningsledd, slik at setningane blir grammatisk korrekte og følgjer tekstlingvistiske normer for parallellitet og kongruens.

Omsetjingˈɔmsetɪŋ

substantiv hokjønn (f3)

Eg omset alle typar tekstar mellom bokmål og nynorsk. Omsetjingane tar vare på innhaldet, tonen og rytmen i teksten. Maskinomsetjing kan brukast som utgangspunkt, men per 2026 er eg framleis flinkare enn maskinane i nynorsk, så alle omsetjingar blir nøye etterredigerte.

Nynorskhjelpˈnynɔʁskˌjɛlp

substantiv hokjønn (f1)

Nynorsk er eit viktig profilval for mange bedrifter og organisasjonar. Eg har inngåande kompetanse i nynorsk rettskriving, normering, stil og valfridom, og eg kan hjelpe dei som ønskjer å styrkje nynorskprofilen sin og tekstproduksjonen på nynorsk. Eg arbeider i tråd med gjeldande rettskrivingsreglar frå Språkrådet og føringar i språklova.